Norsk English



Velkommen

I tråd med internasjonal klimapolitikk og med utgangspunkt i Samnanger sine naturgjevne ressursar og lange krafthistorie skal kraft og vatn vera grunnsteinar i ei internasjonal satsing for framtidig lokal og regional berekraftig vekst.

Kompetansesenteret for småkraft skal vera eit formidlings-senter for alle som fokuserer på småskala klimaløysingar. Det vil vera eit ekstra fokus på framtidige utbyggjarar i inn - og utland.

NYHENDE

30.07.2010

Vern frå ei svunnen tid?

Etter eit godt og konstruktivt møte i OED skal Kompetansesenteret no i gang med å utarbeida ei skisse til kartlegging av det totale potensialet for framtidig småkraftutbygging i Hordaland. Denne kartleggjinga vil også inkludera potensialet i verna vassdrag der verneverdien ikkje vert forringa.

 

 09.07.2010

Ny Prosjektleder på plass

Gerhard Kahrs er ansatt som ny prosjektleder i Kompetansesenteret. Han har bakgrunn fra næringsutvikling, ledelse, markedsføring og bedriftsutvikling, de siste årene i reklamebransjen.

Gerhard er på plass i stillingen fra 16. august og gleder seg til nye utfordringer.

 

06.07.2010

Innovative klimaløysingar frå Lolland

Kompetansesenteret, representantar frå styringsgruppa og Samnanger var sist i juni på inspirasjonstur til øya Lolland i Danmark. Lolland er kjend for å kombinera implementering av innovative energi- og klima løysingar med lokal og regional næringsutvikling. På turen fekk deltakarane lært meir om mogelege initiativ som kombinerar bruk av vind, alger til biomasse, bølger, sol, hydrogen og brenselsceller.

No skal ein konkret samarbeidsavtale mellom Lolland og Samnanger  utformast, med tanke på å realisera liknande initiativ i vår region. Sjå www.lolland-ctf.dk for ytterlegare info om klimaprosjekta.

Deltakarane vert introdusert til klimatilpassingsprosjektet i Onsevig der alger vert dyrka til biomasseformål.

14.06.2010

Vinnaren av Kreativ Konkurranse kåra

Mila Lukasenoka vart vinnaren i Kompetansesenteret sin kreative konkurranse. Mila går i klasse 9A ved Samnanger Ungdomsskule og kan no spre glede i heile klassen med premien på kroner 10.000. Dessutan vart Lisa Nilsen Torvund og Elisabeth Moe vinnarar med beste bidrag frå småskulen og mellomsteget.

Heile 155 skuleborn hadde levert inn teikningar - desse kan de sjå på Kulturutstillinga i Tysse heile veke 24.  

Kompetansesenteret seier tusen takk for innsatsen og gratulerar vinnarane!

 

Mila Lukasenoka sine to flotte kraft- maskottar (over) og vasskraft kretslaup (under)

Vinnar mellomsteget: Elisabeth Moe

Vinnar småskulen: Lisa Nilsen Torvund

 

22.04.2010

Kompetansesenteret inviterar til kreativ konkurranse

Kompetansesenteret inviterar alle born i Samnanger kommune til å koma med kreative innspel i arbeidet med å skapa kompetansesenteret sin eigen logo og maskot.

Sjå invitasjonen her

 

29.03.2010

Kompetansesenteret søkjer ny prosjektleiar

Kompetansesenteret er inne i ein aktiv oppbyggingsfase og er difor på utkikk etter ny prosjektleiar.

Sjå lysingsteksten her

Sjå statusnotat her

 

16.03.2010

Verna Vassdrag - ei kjelde til ny energi

For at Noreg skal nå internasjonale målsetjingar på klimaområdet, lyt me fokusera på auka bruk av fornybare energikjelder. Betre utnytting av kraftpotensialet i verna vassdrag  er ein slik mogelegheit.

Kompetansesenteret oppmodar sentrale myndigheiter til å gjennomgå grunnlaget for vern sett i lys av dagens teknologiar som gir meir skånsame måtar å etablera kraftproduksjon på.

Sjå skrivet her

 

 11.02.2010

Kompetansesenteret til Småkraftdagane 2010

Småkraftdagane 2010 går av stabelen i Haugesund den 16. - 18. mars.

Hovudtalar er Olje- og energi minister Terje Riis- Johansen, som vil setja fokus på behov for stabile rammevilkår, forsyningssikkerheit og EU sitt fornybardirektiv.

Småkraftdagane er ein ypperleg møteplass for alle oss interesserte i småkraft og i Haugesund vil det både vera fagmesse med aktuelle  tekniske, økonomiske og næringspolitiske foredrag, og høve til å vitja Småkraftmessa 2010 der omlag 60 aktørar innan småskala vasskraft har utstilling.

Sjå www.småkraftforeninga.no for detaljert program og påmelding.

 

 

Bergensregionen vert no visande på det internasjonale klimakartet, dersom initiativet frå Business Region Bergen, Bergen kommune og Kompetansesenter for småkraft i Samnanger lykkast. Climateactionmap er utvikla for å kunna kommunisera dei mange tusen lokale og regionale klimainitiativ i ein global setting. Kartet vil verta presentert allereie neste veke, under FN sitt klimatoppmøte (COP15) i København.

"Med Climateactionmap får me, bokstaveleg talt, sett store og små klimaprosjekt frå heile Business Region Bergen - på kartet. At vesle Samnanger kan få ta initiativ som samlar både store og små aktørar i vår region, varmar ekstra godt for ein eraren kraftentusiast som meg", seier ordførar i samnanger, Marit Aase.

Sjå kartet sjølv på www.climateactionmap.org

 

 16.11.2009
Kraftsafari i Samnangervassdraget
Livslang læring er eit av satsingsområda til kompetansesenteret og  

Måndag den 9. November var difor pedagogar frå kommunen sine barnehagar og skular invitert med på Kraftsafari i Samnangervassdraget. Med oppstart på Frøland kraftstasjon, gjekk turen til Kvitingen kraftverk der BKK velviljuge viste rundt. Etter ferda inni fjellet gjekk turen nedover att, innom eit inspirerande besøk hjå Svenn Arve Kleivane og hans mikrokraftverk.

Vona er at alt vatnet rundt oss i Samnanger skal inspirera born og unge til kreativitet, leik og læring.  

 

På veg ned den bratte skråninga til Kleivane mikrokraftverk. 

 

 29.10.2009
Sparebanken Vest støttar kompetansesenteret

Sparebanken Vest har valt å bidra med 250.000 kroner til Kompetansesenter for småkraft i Samnanger. Dei allmennyttige midla, som gjeld for 2009, er tildelt fordi prosjektet er i samsvar med bankens visjon om å vera drivkraft for samfunns- og næringsliv på Vestlandet.

"For kommunen og Kompetansesenter for småkraft, er det særs gledeleg at me no har Sparebanken Vest med i arbeidet for å realisera visjonane våre. Dette då me er visse på at det vil skapa positive ringverknader; for utviklinga i kommunen, men og for å skapa innovasjon og vekst i dei næringane som kan og vil støtta opp om satsinga", uttalar Ordførar Marit Aase i samband med overrekkinga av den store sjekken frå Sparebank Vest.   

Kraftentusiasme under Tyssebrua! Frå venstre:  Avdelingsbanksjef i Samnanger, Sparebanken Vest - Ole Jørgen Hisdal, Ordførar Marit Aksnes Aase, Prosjektleiar Gunnhild Utkvitne og Regionbanksjef Bedriftsmarked, Sparebanken Vest - Lars Audun Torvik.
 29.10.2009
 www.kraftsenteret.no på nett
Kompetansesenter for småkraft i Samnanger har no si eiga heimeside. Sida vil jevnleg verta oppdatert med nyhende og relevant informasjon knytta til kompetansesenteret sine aktivitetar.



REGION BERGEN
.
Læs mere
Kontakt oss
Kompetansesenter for Småkraft
Samnanger Kommune
Tlf.: +47 47482460
E-post: Gunnhild Utkvitne
Webredaksjon
Ansvarleg redaktør: Tone Ramsli
Vevkjerring: Gunnhild Utkvitne
Webdesign: Annette Greenfort, Bass