Norsk English



DRAUMEN

 

Med høge fjell, bratte dalar og blåblank fjord er det ein storslagen og flott natur me i Samnanger har – ein natur me verdset høgt. Samstundes har naturen vore ein viktig bidragsytar til vekst og utvikling i kommunen. Allereie for 100 år sidan var kraftutbygginga i Samnangervassdraget utgangspunktet for ei lokal oppblomstring med auka tilflytting og sysselsetting – og her var optimisme!  

Optimismen som basererr seg på å utnytta dei naturressursane me har – gulldråpane i kommunevåpenet - vert no vidareført i planane bak Kompetansesenter for småkraft. Me vil skapa energi og vekst basert på naturressursane våre – og slik bidra konkret og praktisk i arbeidet med å nå lokale, nasjonale og internasjonale målsetjingar på energi- og klimaområdet.

 

Olav H. Hauge sitt dikt ”Det er den draumen” har vore mi inspirasjonskjelde i arbeidet med å utvikla plangrunnlaget for vekst og utvikling i Samnanger for åra 2007 – 2017. Olav H. Hauge sine ord – draumen me ber på – ligg og til grunn i satsinga på Kompetansesenter for småkraft.

 

Det er den draumen

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um

(Olav H. Hauge)

 

Mot og vilje til å agera lokalt gjennom etablering av Kompetansesenter for småkraft, skal skapa ei morgonstund i Samnanger basert på naturgjevne ressursar, mangeårige krafttradisjonar og ei internasjonal kontaktflate. Me vil la oss utfordra til å opna både ”hjarta” og ”berget” i det å byggja Samnanger som internasjonal kommune. ”Kjelder” skal springa fram gjennom styrka mot til å våga å satsa. Kreativitet og nyskaping skal forløysast”

”Den som skal skapa noko nytt må ut å gå,” skriv forfattaren Thomas Espedahl. Når mange er ute og går, vert det spennande å sjå korleis ”vågen” framstår når morgonstunda er her.

Eg trur ei positiv overrasking ventar på oss i Samnanger.
Marit Aksnes Aase
Ordførar og initiativtakar



REGION BERGEN
.
Lćs mere
Kontakt oss
Kompetansesenter for SmĂĄkraft
Samnanger Kommune
Tlf.: +47 47482460
E-post: Gunnhild Utkvitne
Webredaksjon
Ansvarleg redaktør: Tone Ramsli
Vevkjerring: Gunnhild Utkvitne
Webdesign: Annette Greenfort, Bass