Norsk English



SMÃ…KRAFT I HORDALAND

Hordaland er det største vasskraftfylket i landet. Med vel 16 TWh[1] av Noreg sin årlege vasskraftproduksjon på nær 121 TWh kjem meir enn 13% av vasskrafta i landet frå Hordaland. Bruk av vassressursane til energiproduksjon har lange tradisjonar. Også i framtida vil auka bruk av fornybare energikjelder ha ein sentral plass i energipolitikken, ikkje minst i lys av dei store klimautfordringane. Bygging av små vasskraftverk kan i tillegg medverka til lokal busetting og verdiskaping.

Med vel 16 TWh[1] av Noreg sin årlege vasskraftproduksjon på nær 121 TWh kjem meir enn 13% av vasskrafta i landet frå Hordaland.

NVE rapport 19/2004; ”Beregning av potensial for små kraftverk i Noreg” estimerar ytterlegare potensialet for små vasskraftverk[2] i Noreg på 18 TWh (med  investeringskostnad under 3 kr/kWh). I tillegg til dette kjem om lag 7 TWh frå Samla plan, slik at det totale potensialet for små kraftverk (under 10 MW) med investeringsgrense på 3 kr/kWh er 25 TWh. 5 TWh av dette potensialet skal vera mogeleg å realisera i løpet av ti år. For Hordaland viser NVE-rapporten eit teoretisk potensial for over 1.200 småkraftverk som kan gje kring 4,4 TWh ny kraft.

 
I fylgje ”Fylkesdelplan for små vasskraftverk i Hordaland 2009 – 2021” har fylgjande kommunar i Hordaland eit potensial for meir enn 50 nye små vasskraftverk: Kvinnherad (135), Voss (134), Kvam (131), Vaksdal (102), Masfjorden (75), Etne (67), Fusa (59), Modalen (57), Odda (55), Jondal (52) og Ulvik (52).
[1] 1kWh = 1.000 Wh, 1MWh = 1.000kWh, 1GWh = 1.000 MWh, 1TWh = 1.000 GWh
[2]  Omgrepet ”små vasskraftverk” femner mikro-, mini- og småkraftverk og vert nytta som samleomgrep for alle vasskraftverk med installert effekt mellom 0-10MW.



REGION BERGEN
.
Læs mere
Kontakt oss
Kompetansesenter for Småkraft
Samnanger Kommune
Tlf.: +47 47482460
E-post: Gunnhild Utkvitne
Webredaksjon
Ansvarleg redaktør: Tone Ramsli
Vevkjerring: Gunnhild Utkvitne
Webdesign: Annette Greenfort, Bass